Erling A. Westgaard Flote Foto Pål Hodne
Erling A. Westgaard Flote Foto: Pål Hodne

Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 13:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Sted / Rom
Østfoldrommet
Målgruppe

Bok & Kaffe: Utveg - Erling Flote

Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen.

Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men foreldra har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden.

Debutromanen til Erling Flote handlar om å ta eit oppgjer med familien sin, og ikkje minst med seg sjølv.

Flote er forfattar og norsklærar. Korleis står det til med lesegleda til unge i dag? Kva kan ein gjere for å halde liv i bøkene? Og kor går skiljet mellom ein ungdomsroman og ei vaksenbok? Flote møter leiar for barne- og ungdomsavdelinga på Fredrikstad bibliotek, Ingvild Kjølstad, for å snakke om boka si, språk, inspirasjon og lesevanane til unge i dag.

Erling A. Westgaard Flote har mastergrad i historie og arbeider som lektor i den vidaregåande skulen. Utveg er den første romanen hans.